7 android 4.1 surfplatta kamagra jelly prenatal piller hjälpa dig bli gravid
Eit lys i mørket
5629
post-template-default,single,single-post,postid-5629,single-format-standard,_masterslider,_ms_version_2.9.0,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode_grid_1300,footer_responsive_adv,qode-content-sidebar-responsive,qode-theme-ver-10.0,wpb-js-composer js-comp-ver-4.12,vc_responsive,responsive-menu-slide-left

Eit lys i mørket

19668759054_2d2afd16a1_k
Foto: Tom

Ein yngre bror av far bygde på syttitalet ei åttekanta hytte på ei kanonstilling som
stod att etter krigens dagar ute på Forsøy. På somrane var eg ofte med onkelen min
ut dit i far sin robåt. Dette var ei aude øy tyskarane hadde innteke og i løpet av
krigsåra vart det bygd opp ein infrastruktur med kaiar, vegar, kasernar og
kanonstillingar. Det meste var bygd i betong og mykje vart kamuflert under jorda,
med gøymde gangar og tunnellar mellom dei ulike postane. Som gutunge var eg
med ut for å hjelpe til, vi bar alt byggjemateriale frå kaien og opp til tomta. Vegen
var tilgrodd, men framleis fast og fin, og langs den låg det ruinar av bunkersar og
bygg i armert betong der berre skjeletta stod att. Når eg nærma meg desse restane
av bygnader var det som eg venta å finne restar av verkelege skjelett, at staden også
hadde mange minne om død i seg. På ein stein var det rissa inn russiske bokstavar,
utan at eg kunne lese det. Kanskje det var eit namn?
Onkelen min budde austpå, og då sommarferien tok slutt fekk eg seinare i oppdrag
å sjå til hytta. For kvart år vart eg betre kjend med øya, samstundes som den held
fast ved sine løyndomar. Ein haust vart eg ringt opp av ein lokal sauebonde om eit
innbrot i hytta. Eg var i Bergen, og måtte vente til fredag før eg kunne ta meg av
det. Eg kom ut tidleg på ettermiddagen og visste at eg hadde berre nokre timar før
sola gjekk ned. Mørket kom fort på denne tida, og med eit skiftande skydekke
kunne det gå frå nattlys til bekmørke på ein augneblink. Tjuvane hadde truleg nytta
eit kubein til å bryte opp døra med, slik at låsemekanismen i karmen var sund. Eg
kunne ikkje gjere anna enn å notere meg kva som måtte skiftast, før eg spikra døra
på plass. Dei hadde stole aggregatet og fjernsynet. Ingen møblar var borte, men ein
del småting og verktøy. Dagen etter, ein laurdag, var eg nede i Bøvågen for å tinge
ei ny dør med karm. Dei hadde ei med riktige mål på lager, så eg kjøpte døra og
fekk lagt den i båten. Eg var tilbake på Forsøy klokka tolv, og rekna ut at eg ville ha
seks timar med dagslys for å gjere jobben. Frå kaien bar eg døra på ryggen opp til
hytta. Så gjekk eg attende og henta karmen og listverket. Til slutt henta eg verktøyet
og resten av utstyret. Då eg kom fram til hytta for tredje gongen opna eg ei flaske
øl. Eg hadde kjøpt med meg litt øl og nokre rundstykke med ost, for å ha som niste.
Det gjekk fort å få den øydelagde døra ut. Eg reiv ut dei gamle listene, skrudde ut
hengsla, fekk bort døra. Så tok eg skjerefila, skar over spikarfesta for karmen og
fekk slått den ut. Eg drakk ei øl til, tykte eg var over det verste. Det var enno nesten
tre heile timar til klokka var seks. Eg hugsar eg sat på vestsida av hytta og såg
utover mor Fedje, sola som stod over havet, lyset i oktober, og eg tenkte på
innbrotstjuvane, kva liv dei levde, det å reise rundt slik for å rane hytter utanfor
allfarveg. Så åt eg litt mat og tok ei øl til. Eg var i eit godt humør, men visste
samstundes at eg måtte få jobben gjort før det vart mørkt. Så eg heiv meg rundt og
fekk sett opp den nye karmen. Eg hadde skusla vekk så mykje tid på å drøyme, at eg
no ikkje kunne la vere å tenkje på kor raskt eg måtte arbeide. Og dette kan ha gjort
meg ukonsentrert, for då eg prøvde døra, såg eg at karmen ikkje stod heilt i vinkel.
Eg tok døra av og sette i gang med å justere den. Eg vatra den nede. Perfekt. Så
høgre side, der hengsla var. Den gjekk ut oppe, altså måtte den inn, eg hadde brukt
for tjukt trestykke mot spikarfestet. Så eg fekk trestykket ut, dela det og prøvde på
nytt. Perfekt. Så sjekka eg venstre side. Den var no i vater. Eg opna ei flaske øl og
drakk medan eg såg mot vest. Det var alt i ferd med å skumre. Eg prøvde døra i
karmen. No passa den. Eg var nøgd. Men hadde eg tid til å gjere unna arbeidet med
ytterlistene? Eg ville sleppe å dra ut dagen etter. Eg såg for meg korleis det ville
verte, i bakrus, utan motivasjon og lyst. Nei, det var best å få jobben gjort og verte
ferdig med det. Så eg tok saga og skar til listene så godt eg kunne, slo dei opp. Det
var gjort på eit kvarter. Men mørket kom fort. Eg innsåg at eg ikkje hadde tid til å
gjere meg ferdig, eg fekk vente med innvendig tilsetting, isolasjon og lister. No
handla det berre om å kome seg heim. Eg hadde to flasker øl att, og medan eg stod
der utanfor hytta og såg etter verktøyet, så kasta eg eit roleg blikk mot sola. Den var
enno synleg, men berre som den fargen den gav skylaget, lyset frå ei sol som ikkje
var der, men som likevel viste seg i skinet frå skyene. Og dei sterke fargane, og
formasjonane, det var det som merkte seg ut, det var som eit syn i fablar, dyr sprang
over den låge himmelen utan å lage lyd. Eg tenkte på tjuvane, kor avhengige dei
måtte vere av mørket, korleis dei måtte arbeide utan lys, korleis dei verka og skein i
mørket. For ikkje å verte sett. Det å stå utanfor lyset, å vere i det som ikkje er lyst,
for ikkje å verte sett. Då eg kom ned til kaien kunne eg knapt sjå båten, sidan den
låg i le inne i sundet såg eg den imot mørke berg og viker, men snart vende augo
seg til det, og eg kunne skimte snekka. Båten til faren min. Eg kom meg om bord,
sette verktøyet frå meg og fekk start på motoren. Roleg tøffa eg innover mot
Hauglandsvågen, medan eg opna den siste ølflaska. Eg hadde fått det til, eg hadde
gjort ein dags arbeid. Og enno var ikkje arbeidsdagen over, eg hadde att
kveldsstellet, men det tenkte eg ikkje på. Eg var lukkeleg, tenkte berre på kva som
skulle skje seinare, når eg var ferdig i fjøset. Roleg la eg båten til bryggja, fortøygde
den og kom meg heim. Eg var seint ute, men min eigen herre. Det var ingen som
kunne seie noko. Likevel, då eg kom heim var huset tomt. Eg tenkte straks på far.
Eg gjekk gjennom kjøken og stove. Ingen. Fjernsynet var sløkt. Så eg gjekk bort til
bestefar, spurte om han visste noko. Han sa at han hadde sett dei gå ut.
Såg du kvar dei gjekk? spurte eg.
Dei gjekk oppover, mot Listveit, sa han.
Det demra for meg, visst hadde mor sagt noko om at dei skulle til Råken den
kvelden. Dei var i middag hjå Råken.
Flott, takk, sa eg.
Så gjekk eg i fjøset. Eg hadde med meg eit par flasker øl som eg henta frå far sitt
lager i kjellaren. Eg gjekk inn til dyra og slo på lyset. Det kom straks rautelydar. Dei
var svoltne. Eg gjekk gjennom fôrgangen, kosta bryene, så gjekk eg bort til
kalvegarden, helsa på kalvane. Så var det å måke på begge sider, bak kyrne og bak
ungdyra. Opp med luker og rister for å måke skiten ned. Når båsar og renner var
reine strødde eg under kvart dyr, og etter det gjekk eg ut og gjorde alt klart i
mjølkerommet. Så inn att i floren for å gje kraftfôr. Ut døra til høystålet der ein
mjølsekk vart opna og tømd i ein trillebår, og så gjennom fôrgangen for å forsyne
mjølkekyrne, ungdyra og oksane. Kvart dyr fekk sin dose. Deretter ut att i
mjølkerommet og skru på maskina, inn igjen i floren med organ og vaskebøtte.
Vasking av spenar og jur, på med mjølkeorgan, ein sup av ølet, vasking av neste jur,
på med neste organ, så vasking av to nye og sidan skifte organa over på dei. Alt
dette gjekk fort, når ein fyrst kom i gang var alt rutine, der ein knapt trong å tenkje.
Eg arbeidde som i blinde. Men tankane følgde meg, slik dei alltid gjorde. Og no
hadde eg ei uro i meg, det var noko med stemninga som skifta. Og det hadde noko
med mørket å gjere, det var som eg ikkje kunne sjå livet mitt. Dette hadde ingenting
med lukke å gjere, noko mangla. Eg stod med ølflaska i handa og såg mot glaset, før
eg la merke til at dyra såg på meg, det var som dei slutta å tyggje, som om dei følgde
med på meg. Kva var det med meg? Eg skubba alt vekk, gjorde unna mjølkinga,
sette på vaskeanlegget og gjekk i siloen. Eg skar silo, heiv ned, så over i båre og
trilla det inn i fôrgangen der dyra venta på mat. Eg stakk gaffelen i silofôret, kasta
det ut i bryene, alt gjekk etter vante rørsler. Til slutt sette eg meg på far sin gamle
florskrakk, der han hadde brukt å sitje når han røykte pipa si. Eg sat roleg og høyrte
dyra tyggje medan eg drakk den siste øla. Det var ei eiga ro i floren då, når dyra togg
og gomla.
Men kvifor var eg så uroleg?
Eg ville ut.
Så eg kom meg opp, dusja, kledde meg og såg etter noko å drikke. Eg fann ei halv
flaske Smirnoff som eg la i lomma. Så gjekk eg ned på den lokale puben. Det var
sjeldan eg gjekk der, men eg møtte fleire av mine gamle kjenningar. Dei gjorde eit
stort nummer ut av at eg kom, og eg sa ikkje nei til å skåle med dei. På eit tidspunkt
bydde eg fleire karar ein dram frå Smirnoff-flaska. Vi stod like ved baren, men det
var ingen som let til å merke noko. På dette tidspunktet var det mykje folk rundt
meg, og i all viraken la eg merke til ei jente som eg aldri hadde møtt før, ho let til å
ville ha kontakt med meg. Ho ville danse.
Nei, sa eg.
Men ho var bestemt og drog meg med ut på dansegolvet der vi dansa ei kort stund.
Det skjedde ikkje anna enn at vi dansa og snakka litt, men det var likevel nok til at
eg fekk tankane inn på andre spor. Ho budde i nærleiken, og det enda med at eg
følgde henne heim. Då vi kom inn i kjellarleilegheita hennar, høyrte eg svake skrik
frå eit barn. Ho gjekk inn på rommet der lyden kom frå, og like etter stilna det. Då
ho kom tilbake, ville ho spandere eit glas vin på meg. Og eg sette meg i ein stol med
glaset i handa, men eg kunne ikkje få bort denne lyden av det skrikande barnet. Med
eitt la ho ei hand mot kinnet mitt, sa eg såg så snill ut.
Du har eit slikt mildt andlet, sa ho.
Eg såg på henne, prøvde å sjå inn i augo hennar. Då såg eg at dei var svarte, at dei
ikkje hadde farge i seg. Så eg reiste meg, sa eg hadde ansvar for ein gard, at eg skulle
tidleg opp for å mjølke.
Ikkje gå frå meg, sa ho.
Eg må gå, sa eg.
Så gjekk eg.
Utanfor, det var som ein stein hadde sleppt taket i meg. Eg pusta ut. Eg kjende meg
fri. Eg tok til å gå, som på måfå, mot utmarka på Listveit. Og så, i lyset frå månen,
såg eg ei stor opning ut mot noko lyst. Eg stansa.
Eg såg at det var mørkt.
Så skjedde det noko.
Månen fór.
Det vart mørkare.
Eg stod der åleine.
Eg var i mørket.
Eg var heilt åleine.
Eg var fanga i mørket, utan å vere fanga. Eg var fri i det mørke. Som er ein rasjonell
tanke. Eg sette meg på ein stubbe og skreiv eit dikt i blinde. Dette diktet tok eg vare
på. Det går slik:

Eg var i utmarka for å sjå etter far
Far var borte og eg hadde gått for å sjå etter han
Men der i utmarka var det aude og det slo meg
At det ikkje var han eg såg etter
For far var borte, truleg for godt
Så fjern, så fjern, eg følgde stiar og trakk i den ville mark
Rundt og rundt fòr eg før eg skjøna kvar eg var
Så gjekk eg heim
Mor var heime
Dette var ein kveld i oktober
Eg fann han ikkje, sa eg, eg trur han er borte for alltid
Kva snakkar du om? sa mor
Om far, eg fann han ikkje
Men han er her, sa ho, han er tilbake
Og der stod han, bak henne
Far, sa eg, er du her?
Ja son, sa han, eg er her med mor
Kvar har du vore? spurte eg
Eg var død, sa far, men eg ville tilbake
Kvar har du vore? spurte han
Eg var ute ein tur, sa eg, ute og såg, men eg veit ikkje kva eg såg etter
No er du heime, sa far
Ja, sa eg, og her må eg vere til eg døyr
Du skal ikkje døy, sa han
Nei, sa mor, du skal ikkje døy
Eg kan sjølvsagt ikkje vere meg, den eg den gong var. Men eg kan freiste å skildre
den eg trur eg var, og den eg trur eg sansa igjennom. Eg hugsar at eg var fuktig i
buksebaken, at stubben hadde gjort meg våt i rumpa. Men slike ting var som
ingenting. Situasjonen var den at eg hadde gjort det slutt med ei jente som hadde
gjeve meg ein strikkegenser. Ho hadde vore utru imot meg, hadde angra seg og
vore ærleg nok til å fortelje meg om det. Men eg hadde ikkje vore i stand til å tilgje
henne. I dag er det lett å snakke generelt om det, men der og då var det spesielt, det
var som alt rasa saman rundt meg. Det var kjærleikssorg og eg var ikkje i stand til å
kome vekk frå den. Eg var sjuk, men eigentleg frisk, slik det ofte er med den typen
sorg. Den råkar sinnet og gjer at heile kroppen kjem i ulage, sjølv om det ikkje feilar
den noko. Og på same tid svekkjer det sansane, ein vert sløv. Eg hadde mista
kjærasten min, ho som eg hadde tenkt så mykje på, som eg hadde hatt så mange
ynskje om, så mange draumar. Og no var ho vekke, og eg var ikkje lenger i stand til
å sjå fram i tid. Eg stod der, i det mørket som kjem når også lyset frå månen er
borte. Eg stod på berr bakke, som ein seier. Men det var haust og eigentleg ganske
mildt. Men altså seint, og tidleg, det var mørkt, heilt mørkt, som om ikkje noko lys
fanst. Eg stod med ein lappe i neven, diktet som eg stakk i baklomma saman med
blyantstumpen. Og eg prøvde å sjå føre meg eit liv utan elektrisitet. Kva liv var det?
Det var eit liv i mellom natt og dag, i det vakne mørket, det som hadde innbillingas
lys i seg. Eg var i eit tomrom utan lys, samstundes som eg var på ein plass som eg
kjende, som sansane mine visste om. Slik ein seier om kjende landskap, at ein
kjenner dei som si eiga bukselomme. Det var slik. Som om eg var inne i mi eiga
lomme, eller hole, som eit urmenneske. Saka er at eg vart var eit mørke som ikkje
var utanfor meg, men som var i meg, og det var annleis, for mørket var eit anna, det
var ikkje metaforisk, slik mørket brukar å vere, det verka heller reelt og ekte. Det
var eit mørke som ikkje sa noko anna enn at eg no var utan evna til å sjå. Og med
eitt skjøna eg at eg kunne tenkje. Og med tanken kom også dei andre sansane med,
eg kunne lukte, kjenne, høyre og smake. I lomma hadde eg ein pose med
halspastillar, men eg let vere å smake på dei. Eg ville ikkje ta noko som kunne
forstyrre sansane. I staden tok eg handa mot bakken og kjende etter. Det var gras
som møtte nevane, gras som hadde slutta å vekse, eg kunne kjenne grasets linne
drag mot fingertuppane, og eg visste at eg var på stien mot Dødsstølen. Det var eit
beiteområde der det i si tid hadde skjedd ei uforklarleg ulukke med fire ungdyr.
Kvifor var eg der? Det visste eg ikkje. Det fanst inga rasjonell forklaring, anna enn
den at eg ville vekk, ville gå ein omveg heim. Og eg kjende fukta, at stråa samla
dropane til ein siste nattdrykk. Strå som ikkje lenger strutta av liv, strå som skulle
gå, som skulle inn i vinteren. Litt lenger framme ved eit nedlagt bruk fanst det ein
potetkjellar, og utanfor den stod det ein sitjestein. Eg hadde dette i mente, såg for
meg at eg snart skulle sitje på den steinen. Og i det same vart eg hefta av det eg
oppfatta som eit kunstig lys. Det såg ut som eit lys frå eit vindauge, som frå ei hytte.
Hadde det verkeleg kome opp ei ny hytte like bortanfor Kallhaugen? Det var eit lys
som fyrst såg ut som eit lys frå eit indre rom, sidan det hadde denne klåre
avgrensinga, at den kom innanfrå og lyste opp eit indre rom meir enn å peike
utover, men så, i det eg tok eit steg til venstre, fall eg ned i ei dump. Rusen hadde
ikkje sleppt taket enno, og der låg eg i eit hol. Eg kjende meg både fortumla og
dum, låg som i ein kveil i grusen. Noko var endra. Brått var stien gruslagt.
Underlaget. Eg kunne kjenne det, mot fingrane og huda. Små steinar. Brått var det
grus under meg. Eg kom meg opp. Brått ein grusveg. Og eg såg etter lyset, der over
kollen, men det var ikkje der. Lyset var borte. Og kva med Kallhaugen og
sitjesteinen bortanfor kjellaren? Eg kom meg ut av gropa, kjende etter med foten
kvar den var. Og det var sjølvsagt inga grop, eg hadde berre falle på flate vegen. I
stummande mørke kjende eg vinden sine drag mot kjakane, det var noko kjend ved
han. Å, vinden, vinden. Eg såg ikkje, men eg gjekk mot målet, ein stein i det store
inkje, og fann han. Der sette eg meg. Og så var det å vente på lyset, altså sola. Eg
må ha vore langt borte, for slik eg hugsar det sat eg der lenge, utan at noko skjedde.
Eg våga ikkje flytte meg. Det var mørkt, men samstundes var eg roleg, for eg kjende
meg liksom heime, eg var så glad for å vere åleine. Eg tenkte på det vesle barnet,
var glad for ikkje å vere faren. Og så såg eg på nytt lyset frå glaset, var det ei stove?
Eg reiste meg, tok til å gå mot det og la merke til at det blenda meg, at eg ikkje fekk
syn om vegen. Eg snubla på nytt, fall over ende og vart liggjande. Eg hadde høyrt
noko gå i knas like ved hjarta. Det var Smirnoff-flaska, den var knust. Eg kjende dei
sterke dropane, korleis dei kraup nedover ribbeina. Sitjande i vegen drog eg av meg
dressjakka og plukka ut glasbrota or innerlomma. Eg kjende det blødde litt frå
under brystet. Alt var som i blinde, i mørket. Men eg visste det var blod, kva farge
det hadde. Alt dette var utan syn. Og eg visste at eg aldri ville finne heim. Du må
berre halde deg i live til det lysnar, sa ei stemme. Hald deg i live, vent på lyset.

Kommentera

Bli först med att kommentera

Meddela mig vid

wpDiscuz