7 android 4.1 surfplatta kamagra jelly prenatal piller hjälpa dig bli gravid
Fang meg
18375
post-template-default,single,single-post,postid-18375,single-format-standard,_masterslider,_ms_version_2.9.0,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode_grid_1300,footer_responsive_adv,qode-content-sidebar-responsive,qode-theme-ver-10.0,wpb-js-composer js-comp-ver-4.12,vc_responsive,responsive-menu-slide-left

Fang meg

FANG MEG

Av Marta Huglen Revheim

 

*

Det er når ein høyrer ein hund klynke i søvne

at ein hugsar på

at alle slit med sitt.

 

 

*

Eg går på do

med døra open

fordi

den er så vrang

dei kjem og tørkar

når eg ropar

ferdig.

 

Eg låg på sjukehus

og fekk besøk

av halloween-born

med lysande auger

og sonen min

eg sa

han måtte setje på

potetene.

 

Ein kveld

kom naboen på besøk

ho sat seg ned

i din stol

og gret og sa

ho ville døy

så no

låsar eg alltid ytterdøra

når eg er heime.

 

Onkel Einar

mista vettet

på sine gamle

dagar

og samla på

pinnar

då tanta spurde

kva han skulle med

pinnane

svara han:

dei kan komme godt med

ein veit aldri når

krigen kjem.

 

Eg merka eigentleg

ikkje noko særleg

til krigen

men alle spør meg

om den

så eg

finn på ting

dei virkar nøgde med det.

 

 

*

Og når kroppen blir tyngre blir kjenslene lettare. Til slutt så lette at dei bles vekk i vinden og forsvinn. Og då er det berre kroppen att, i all sin overveldande tyngde.

 

Marta Huglen Revheim

Kommentera

Bli först med att kommentera

Meddela mig vid

wpDiscuz