7 android 4.1 surfplatta kamagra jelly prenatal piller hjälpa dig bli gravid
plassar som vonde sonar
18136
post-template-default,single,single-post,postid-18136,single-format-standard,_masterslider,_ms_version_2.9.0,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode_grid_1300,footer_responsive_adv,qode-content-sidebar-responsive,qode-theme-ver-10.0,wpb-js-composer js-comp-ver-4.12,vc_responsive,responsive-menu-slide-left

plassar som vonde sonar

plassar som vonde sonar

av Jonas Sandved Rudjord

(sumarjournal)

Ingen er i Bergen no
Buss – ferge – buss – framme
Drar frå Juni
BRGN – HGSD
+
+
+
*

Eg har reist – eg ruller gjerne femten sigaretter
som eg har i eit lite sigarettetuí av metall
trakter ein liter kaffi og har på termos
kvar dag fyre jobb

Jobber til midnatt – attende i barndomsheimen ti på ett
tysdag til måndag
+
+
+
+

Eg passer planter – er i arbeid

Vassdroper som fell i ein våt svamp
Sugest ljodlaust opp
Eg veks ikkje
+
+
+
+

Tenkjer: Det vert ikkje betre
enn kva eg sjølve gjer ut av det
Tenkjer: Det er verdt innsatsen
Kanskje er til og med eg verdt innsatsen
+
+
+
+

Det gjeng godt nok ei stund
heilt til den gamle kjensla er der att
av at byen dytter tilbake – vil ha meg på plass – liten – bøyd – bøygd
+
+
+
*
+
+
+

Nokon plassar
som vonde sonar
på kroppen
der ute

Gravemaskin i gamal skulegard
knusar ein fotballbane til pinneved
Ferske fliser
til hud og
bjelker til auger

(Trekk han ut eller
kjøyr han gjinno skallen)
+
+
+
+
Eg gjeng forbi dei same arra kvar dag
Plassane

Ein gong
i eit fotgjengerfelt
(Karmsundsgata)
falt eg så hardt frå sykkelen
at hjelmen sprakk

Plast og isopor
flata ut av bildekk
+
+
+
+
+
Andre er der óg;
i plassane
Gjeng i og forbi
brukar eller
berre finst
i deim men
på andre måter

Er det også slik
når andre har
kroppane vores?

Kven eig oss?

Famlande – falmande
byggjer eg skigarder kring hjarte
+
+
+

*
+
+
+
+
+++++++++Stopp nei
+
+
+
++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++++ikkje stopp
+
+
+++++++++++++++++Slutt
+
+
+
*
+
+
+
+
+
+
+
*
+
+
+
Noko som ikkje er her
Noko som er her heile tida
Isdropa som ynskjer fordampe – og smelte – samstundes
Rives eller revnes

I 1983 døyr kona til ein fransk dikter
Han skriv bok

Eg leser – finner linjer – kjensler – eg
for lengst har stelt – uten å vite det

for noko er ikkje her
og noko er her heile tida
+
+
*
+
+
Ein er i reise
Ein reiser

Men me forandrer oss ikkje – me er
berre i forflyttning

(Berre)
nye menneskje og nye stader å reagere på

Eg fyller år – det merkes knapt

Treff nokon gamle vener
lar dei danse på skigardane

Eg får éi gove i posten

vert fylt med varme og skuld
+
+
+
+
Eg drar i minnesmarkering
Fem år
Namnet hans
i stein

(Ei rose er gløymd kjøpt – og den pinlege sjølvforakten som fylgjer)

Synger saman med / millom
andre oppmøtte

Denne augeblinken
denne sumaren
kor einsemdi
er sterkest
+
+
+
Ein bil kjøyrer forbi – og tuter – og sinnet vert for ei stund
den sterkere av kjenslene
og så eit mikroskopisk blink av samhald
+
+

*
+
+
Kor seint er det – for seint? – dager nei – veker?
+
+
+
+
Eg reiser – pakker saman
Buss – ferje – buss – framme

HGSD – BRGN
+
+
+
*
+
+
Eg kjem fram – men framleis
sit gamlebyen att i meg

Er ikkje der
og er der heile tida
unntatt

Som om noko ikkje er stille – men døyvt
eller å vere for blind til å se – korkje ljos eller myrkre
unntatt når

Tynga ned av skigarder
eg skulle lagt frå meg

*
+
+
Attende no
Heime eller så nær
heime eg kan

Saftflaskar som etter ein sumar
må tvingest opp
Røde søte krystallar kring fingrane

Støv frå spøkelske
Minnene som har budd
i det tomme rommet

Attergangarane av minner
Eg tørker støvet
+
+
+
+
Frå dei
som veit at dei
kjenner saknet:
Smil
+
+
+
+
Kryp meg opp i senga
eg ikkje har redd opp
+
+
+
Fyrste morgon attende
i mitt halve firmament
(ein kopp kaffi og ein sigarett på hverandaen)
ser eg morgonrauden
kringa –
krona –
av ei regnboge

Bilete på ei helsing
så god som nokon

,

 

 

 

Jonas Sandved Rudjord (f. 1989)

Kommentera

Bli först med att kommentera

Meddela mig vid

wpDiscuz