7 android 4.1 surfplatta kamagra jelly prenatal piller hjälpa dig bli gravid
Snøsporvar
6110
post-template-default,single,single-post,postid-6110,single-format-standard,_masterslider,_ms_version_2.9.0,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode_grid_1300,footer_responsive_adv,qode-content-sidebar-responsive,qode-theme-ver-10.0,wpb-js-composer js-comp-ver-4.12,vc_responsive,responsive-menu-slide-left

Snøsporvar

bakken
Foto: Ole Jørgen Bakken



Snøsporvar

I mars månad kom dei
til det frosne jordet attom huset mitt,
ein flokk mørke ryggar
med lyse bukar.

Dei skulle vidare nordover,
men drygde akkurat lenge nok
til å minne meg på at det eg kallar heime
berre er ein rasteplass.



Tradisjonell tragedie

Hugsar berre kysset ditt, vått som lyset var vått
på kvart einskilde lauvblad i treet, og i graset mot dei nakne føtene dine.
Hugsar ikkje, fordi eg ikkje såg, fordi vi var på baksida av huset,
to av gutane gå ut over singelen for å setja seg i bilen,
under tvil lånt ut av mora til han som nettopp hadde teke lappen.
Dei køyrde i retning sentrum, for å kjøpe sigarettar på bensinstasjonen
til dei mange på festen som sende med dei kontantar og sa: Ver kjappe.
Dei var båe sørpe fulle, sa dei fåe som sidan hugsa litt, til politiet.
Resten av sumaren var dei stipla linene teikna inn i asfalten,
frå der bilen fekk skrens, ut av den våte vegen, til han plutseleg låg opp ned,
uverkeleg stille i den aldrimørke natta, den duvande grøne enga,
med to vakre unge lik på innsida, myntane falne ut or lommene deira.



Likning

I den kyrre sumarkvelden ved elva
suser sandsvalene som piler
opp i den blanke lufta etter insekta,
ned i tronge, djupe reirgangar,
der ungane ventar på fangsten.

Eg byggjer for den langsame dauden.
Livet mitt skal gli gradvis ut
i eit uavvendeleg ingenting.
Undervegs får eg nok av tid
til å grunne over det.

Sandsvalene grev reira sine
ut i loddbeine sandmelar,
langs elver som sjølve grev.
Rett som det er rasar veggene ut,
og alt går tapt på ein augneblink.



I år

Denne nøkkelen, rusta
nesten i hop med dei andre,
han må det vera.
Spinn ringen kringom fingeren
på vegen til uthuset,
finn riva hengt opp,
mellom to skakke takbjelkar.
Ho er litt rusta, ho òg,
og nokre tindar falne av, bytte ut
med hakket nyare spikrar,
der nokre blad heng att frå i fjor,
tørre som i eit herbarium.
Det gjer kanskje ikkje så vondt
å falle dit lauvet fell.



Rim

Så som lauvet
slik fell dagane òg til bakken,
blad for blad frå kalenderen,
ned i den vakre gudsforlatne søla, fortid.
Når dei daude der blir gløymde, mister dei all
den uimotseielege makta si.

Fortida har inga framtid.
Fine, meiningslause dagar
vassar i nedfallslauv på kyrkjegardar.
I skreddartimen står eg sjølv i hagen
og rakar i minne om lyssumaren,
til det er seint og du seier: Kom inn.

Vi drikk den beiske kaffien din.
Du røykjer, eg ser ikkje på deg.
Neste morgon skin graset kvitt,
og det som ligg att av lauv
er stivfrose, altfor hardt
for riva mi.



Låg sol

Dagen i dag spinn baklengs
mot ei byrjing som ikkje finst.
Dropen som fell frå springen mot sluket
er anger i høgste potens,
heile livet trekt mållaust i tvil
langs djupblåe synsrender –
Slik den kinesiske vifta faldar venleiken ut
av handa di mot blikket mitt,
og manar ein regnlys vårkveld fram
frå det plettfrie mørkret midtvinters –
Inntil du plutseleg snur deg rundt,
og ryddar draumen inn att i skapet.



Kommentera

Bli först med att kommentera

Meddela mig vid

wpDiscuz