7 android 4.1 surfplatta kamagra jelly prenatal piller hjälpa dig bli gravid
Tre gongar minner
4902
post-template-default,single,single-post,postid-4902,single-format-standard,_masterslider,_ms_version_2.9.0,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode_grid_1300,footer_responsive_adv,qode-content-sidebar-responsive,qode-theme-ver-10.0,wpb-js-composer js-comp-ver-4.12,vc_responsive,responsive-menu-slide-left

Tre gongar minner

IMG_20150910_0046Foto: Nathalie Francois
Tre gongar minner

Laurdag 3. oktober inviterte Forlaget BLARP heim til utgjevingsfeiring for trippelutgjevinga deira under temaet MINDER. Det var eit litt annleis arrangement, der ein som publikum fekk kjenne på tanken om at vi også skal gi litt attende.

Fredag kveld for tre veker sidan tikka det inn ei melding frå eit namn eg ikkje kjende på Facebook. Det stod: ”Hej Helga, Vi glæder os til at se dig i morgen kl. 17 til ferniseringen 3XMINDER”, etterfølgt av ei adresse og informasjon om at det ville bli servert graskarsuppe og billege øl. Avsendarane var Catherine François og Una Mcdonald som står bak mikroforlaget BLARP. Nokre veker tidlegare hadde eg trykka ’deltek’ på invitasjonen om å vere med på arrangementet på Facebook, og fram til no hadde eg, for å vere ærleg, gløymt heile greia. No kom det altså ein privat beskjed om tid og stad, og eg følte med det same at det var investert ein del i at eg faktisk skulle dukke opp.

3XMINNER

Laurdag ettermiddag fann eg vegen til Islands Brygge og adressa for arrangementet. Eg kom inn i leilegheita til éi av forleggarane, som for anledninga hadde vorte omgjort til resepsjonslokale. Nesten alle møblane var flytta ut av dei to romma – det einaste som var attende var eit par bokhyller og ein kommode. Ein forsterkar, keyboard og anna musikkutstyr hadde vorte stilt framføre vindauget.

Bakgrunnen for arrangementet var Forlaget BLARP si trippelutgiving av diktsamlinga Jeg sover i hjertet af et samfund av Jonas Reppel, fotoboka Glimpses av fotografen Nathalie François og ein CD med to nummer av musikaren ELM. Alle tre kunstnarane har arbeidd med temaet minner, og fortolka det på sin eigen måte i deira kunstform.

Dei tre utgjevingane har fått sitt eige visuelle uttrykk, samtidig som at dei speglar kvarandre – kvart av verka har ulik størrelse og ulike fargar, men dei har alle saman ei framside som liknar eit akvarellmaleri. Utanpå den måla framsida er det lagt eit bakepapirtynt papir, kvar tittelen og kunstnarnamnet er trykt på i svart. Dei tre utgåvene er satt saman og sydd for hand av McDonald og François sjølv. Alle desse elementa ved verka gir dei eit vakkert og skjørt uttrykk, og ei kjensle av at ein skal ta litt ekstra vare på dei i bokhylla.

Jonas Reppel var førstemann ut til å presentere si fortolking av temaet, og las opp frå dikta som var skrive i eit barns perspektiv. Barnet gjer mora og hennar kjærast, eller ”ny-ny-ny-mand” som guten kallar han, lei seg og oppgitte over oppførselen sin, men han forstår ikkje sjølv kvifor. Det er både eit sårt og humoristisk innblikk i ein plaga ung guts oppfatning av seg sjølv og dei rundt han.

Ein skal kunne krevje litt

Etter Reppel si opplesing vart det servert heimelaga graskarsuppe på kjøkkenet. Eg overhøyrde at ei mor hadde stått heile laurdagen å laga den. Dette, og det faktum at den same mora stod og helte suppa opp i små pappskåler ute på det tronge kjøkkenet, bidrog liksom til kjensla av å vere invitert inn til eit litt annleis familieselskap.

Eg snakka med Jonas Reppel om at eg syntes heile arrangementet var litt atypisk – litt mindre stivt og meir heimeleg enn ein vanleg resepsjon. Ikkje minst fordi forleggarane hadde skrive ein personleg beskjed med adresse og informasjon kvelden før. Reppel fortalte at heile ideen bak å gjere det på denne måten hadde vore for å syne publikum kor viktig det er for både forlaget og kunstnarane at ein tek det seriøst. Folk shoppar rundt på Facebook, trykker på ’deltek’ på eitkvart interessant arrangement – men det gir ein ikkje ei kjensle av at ein er forplikta til å dukke opp. For å sikre seg at det berre var det seriøse og dedikerte publikum som kom på arrangementet, hadde Forlaget BLARP funne ut at adressa skulle vere ukjend fram til kvelden før, og at den berre ville bli sendt ut til dei som hadde trykt ’deltek’. Dermed vart det kravd ei litt meir aktiv rolle frå publikum enn det ein er vant med. Reppel fortalte at han var bekymra for om det i det heile teke ville dukke opp folk når ein gjorde det på denne måten. Det var ei frykt eg godt kunne forstå, men som ikkje botna i noko, for leilegheita var fylt med menneske.

Eit glimt og ein tone

Etter matpausen introduserte Nathalie François sitt verk Glimpses. Ho hadde i fotografia sine prøvd å fange tida, og korleis minna endrar seg i takt med denne. Tankane hennar kring minner og tid vart uttrykt presist i Glimpses, då nokre av dei bileta ho hadde brukt var frå ein sumarferie for nokre år sidan, som ho hadde funne på ein filmrull som ho ikkje hadde fått framkalla. Forskyvinga i tid vart dermed heilt tydeleg og konkret i hennar arbeid.

Siste del av arrangementet vart via musikaren Simon Jakobsen, som arbeider under artistnamnet ELM. Vindauget bak musikkutstyret var omkransa av fargerike lys-kuler, som saman med hans to draumande elektroniske musikknummer sette stemninga når sola utanfor vindauget var i ferd med å gå ned.

Når ein ser alt arbeidet som ligg bak verka og utgjevingsfesten, både frå forlaget si side og kunstnarane, kjennes det heilt naturleg at dei krev litt attende frå publikum også.

Dei tre verka Jeg sover i hjertet af et samfund av Jonas Reppel, Glimpses av Nathalie François og CD’en av ELM kan kjøpast gjennom Forlaget BLARP si facebook-side. Nummera ”Pearl” og ”You’re a man” av ELM ligg også på artisten si soundcloud-side.

Kommentera

Bli först med att kommentera

Meddela mig vid

wpDiscuz