7 android 4.1 surfplatta kamagra jelly prenatal piller hjälpa dig bli gravid
Utdrag av upubliserte tekstar
5679
post-template-default,single,single-post,postid-5679,single-format-standard,_masterslider,_ms_version_2.9.0,ajax_fade,page_not_loaded,,qode-title-hidden,qode_grid_1300,footer_responsive_adv,qode-content-sidebar-responsive,qode-theme-ver-10.0,wpb-js-composer js-comp-ver-4.12,vc_responsive,responsive-menu-slide-left

Utdrag av upubliserte tekstar

photo-1445795244383-0105cc88fa9aBenjamin Hemati

Stad:

Ein liten plass ved eit skogbryn, eller ei slette som kan leia ned til vatnet

På oppsida suset frå skogen, nedanfor skvulpet av sjøen mot land

I mellom ligg vegen, bleik; sjaber

Frå der du står, inga synleg rørsle utpå

men du kjenner draget av han, fjorden, merkar vekta som vil dra deg under



*

Alt dette tunge blodet, det steig og sokk og held kroppen nede

tett inn mot den bankane jorda av rote og fukt. Ein var einannan nære

så flaut ein frå kvarandre, noko kvarv i dagen og fauk bort

kan hende med hjelp av vengjer eller andre symbol på lette

før det fordampa og la etter seg ei kvit salthinne

Spola ein tilbake, såg ein i glimt korleis ringane i vassflata breidde seg

like mykje innover som dei spreidde seg ut, eit tillaup til noko større

eller eit flyktig monument over motsetningsfylte hendingar

Frå breidda såg det ei tid lysare ut der underet oppstod, eit smalt opplyst felt

som flakka over vatnet, glitra løfterikt, prøvande, før det på nytt svann vekk



*

Men det var sjøen òg, stor og utrøysteleg, utan mål

snart her, snart der, med si veldige, grå tunge

som når som helst skylde inn over hundar og heimar, barn og bilar



*

Før mørkret skil seg, og føder ein ny dag

har landskapet noko uverkeleg ved seg, er fjellet eit til alle tider

bortvendt andlet som vaktar over deg, held seg tett inntil

utan nokon gong å trengja gjennom. Og du ser henne

første gongen nettopp her, i denne ruinen

av ein draum, desse bortsvidde slettene, dei opne hendene henna

som lukkar seg om flammane, munnen som syg lufta tom for vatn

får den til å sprekka opp og blø små, blæregrå tårer; dei liknar gjæra mjølk



*

Sakte, slik avgrunnen renn nedover fjellsida

talde jenta dagane

slik verda venta nye verder

kva dag som helst

Og ho såg i eit glimt han ho venta

at han kasta ein underleg dyreskugge



*

Med eit sløra blikk i kvar neve, eit uskarpt auge i kvar handflate

gjekk den første jenta på jorda gjennom verda

og elska alt ho såg: Fugl, fisk eller mineralriket

bak kvart ord, ein tom skog


Kommentera

Bli först med att kommentera

Meddela mig vid

wpDiscuz